Sveio Golfpark har inngått driftsavtale med Nordvegen Golfklubb om drift av Nordvegen Golfbane. Sveio no vil stå for drifta av begge 18-holsbanane mellom Bergen og Stavanger

Alle hovedmedlemmene i Haugaland Golfklubb og Nordvegen Golfklubb vil dermed ha fri spelerett på 18-holsbanar.

— Me trur denne avtalen vil bidra til god kvalitet i drifta av Nordvegen Golfbane og våre medlemmer set stor pris på denne løysinga, seier klubbleiar Arve Osnes i Nordvegen Golfklubb.

— Samarbeidet med Nordvegen Golfklubb opnar for synergiar som vil gje betre tilbod både til medlemmer, sponsorar og gjestespelarar, seier Gavin Hinds, pro og dagleg leiar i Sveio Golfpark. Hovedmedlemmene i begge klubbane vil no få høve til å spela på begge banane gjennom heile året. Sponsorane vil få høve til å profilera seg på begge 18-holsbanane og nå fram til ei vesentleg større målgruppe enn ved profilering på ein av banane. Avtalen opnar også for betre samarbeid på opplæring og rekruttering.

— Dette er eit godt eksempel på interkommunalt samarbeid til fordel for alle impliserte parter, seier styreleiar i Sveio golfpark, Per Bjørn Habbestad.

Sveio golfbane er heimebanen til Haugaland Golfklubb. Haugaland golfklubb har cirka 600 medlemmer og klubbleiar er Svein Knutsen.

Nordvegen Golfklubb har Nordvegen golfbane som sin heimebane. Nordvegen golfklubb har cirka 360 medlemmer og klubbleiar er Arve Osnes.

I desember i fjor ble det kjent at Sola GK og Solastranden GK ved Stavanger slår seg sammen.